Du får den gratis om du hentar den.
Debatten om ubåten U 864 utanfor Fedje ser ikkje ut til å ha nokon ende. Folk flest vil ha vraket opp frå havbotn, men dei som sit med makta og pengane vil kapsla ubåten og den giftige kvikksølvlasta inn i sement.
Fedjingen Morgan Waage har no lagt vraket ut for sal på finn.no, og det til gibortpris.
- U 864 var ein tysk undervassbåt i IXD2-klassen. Den vart påbyrja den 15. oktober 1942 ved Deutsche Schiff und Maschinenbau i Bremen, og var operativ frå 9. desember 1943. Ubåten lukkast aldri å senka noko alliert fartøy, heiter det i annonsa Waage har lagt ut.
Han kan vidare opplysa at ubåten no ligg i "vegen" utanfor Fedje.
- Den nye eigaren må vera forsiktig, grunna torpedoar og kvikksølv som dominerer vraket. Nokre fuktskader innvendig må du rekna med, men elles er det snakk om eit greitt restaureringsprosjekt, heiter det i annonsa.
Prisen på vraket er sett til 0 norske kroner, men ubåten må til gjengjeld hentast slik den står.