Nytt fadderprogram til hjelp for nyetablerarar.
- Vi høyrer ofte om folk som vil starta opp, men at det er for vanskeleg. Vi håpar at dei no skal kunna få den hjelpa dei treng, seier prosjektleiar Bastian Hoffman ved landbruksavdelinga ved Fylkesmannen i Hordaland.
Fadderprosjektet er eit tilbod til dei som ønskjer å bli gardbrukar, nettopp har starta eller tatt over ein gard.
Prosjektet er eit delprosjekt av landskap i drift. Ti ulike aktørar vil vera med og samarbeida for å dela erfaring, gje kunnskap og kompetanse, samt tilgang til eit nettverk.
- Dei som ønskjer hjelp vil i tillegg få 15 timar gratis rådgjeving. Kva dei ønskjer å setja fokus på i desse timane er heilt opp til kvar enkelt, fortel Hoffmann.
Alle kommunane i Hordaland har fått tilbod om å bli med i prosjektet som i dag er i startfasen. Kvar kommune vil ha ein eller fleire fadrar som vil dela erfaring og kunnskap der det trengs.
- Prosjektet avhenger sjølvsagt av at folk viser si interesse, seier Hoffmann.
- Vi håpar også at fadderforholdet vil utvikla seg over tid, slik at både fadder og ”eleven” kan dra nytte av kvarandre på ein slik måte at begge får noko positivt ut av prosjektet, legg han til.
Om ein ønskjer å bli med i fadderordninga kan ein melda si interesse til det lokale landbrukskontoret innan 31 august. Her vil du få hjelp til å koma i kontakt med din fadderen.