Sky ikon
Nyhende | Sport | Bildeseriar
...
SÅRBARE: Bjarte Vatnøy i Lindås FrP ser føre seg ei jernbane parallelt med Nordhordlandsbrua. Han peikar på at Nordhordland er svært sårbare med berre ei innfartsåre. ? Ei bru med veg oppe og jernbane under finn ein til dømes andre stader, og kan vera ei mogeleg løysing, seier han.

Jernbane kan bli storhamn-ess

Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett.

Oppdatert 30.07.2010 kl 13:05

Partiet har no fremja forslaget i eit innspel til kommunen sin areal og samfunnsplan, samt til kommuneplan-arbeidet.

- Vi veit det er tankar om jernbanespor frå Arna til Hylkje i Bergen, og ser då moglegheiter for å vidareføra denne linja heilt til Mongstad, seier Bjarte Vatnøy i Lindås FrP.

Han meiner det er viktig å vera framsynt i forhold til kva transportmogelegheiter vi ønskjer i vår region.

Vatnøy meiner at ein også bør ha i tankane at det kan leggast ei jernbane saman med den omtala ”Gullvegen” frå Mongstad over Austrheim, Radøy, Meland, Askøy, og over til Fjell og Øygarden.

- Dette vil opna for heilt nye måtar å tenka transport på, både for folk og gods. Jernbane vil også vera positivt i saka om plassering av storhamn, seier Vatnøy til Nh.

Han peikar på at det i dag vert frakta store mengder bensin og diesel på vegane ut frå Mongstad, og meiner at ei jernbane vil auka tryggleiken langs vegane.

Les meir i Nh lørdag

Nyhende

Ein person omkom i ulukke i Hjelmåstunellen

Mediemannen har runda 60

Gulen-båt til "Dagmar"-ramma bygd

Bil på taket

Vil du bli god å snakka med?

Kom deg ut!

Nyhende

Ein person omkom i ulukke i Hjelmåstunellen

Mediemannen har runda 60

Gulen-båt til "Dagmar"-ramma bygd

Bil på taket

Vil du bli god å snakka med?

Kom deg ut!

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Bildeseriar
Kontakt oss
Tipstelefon: 916 20 916
Telefon: 563 55 555
e-post: avisa@nordhordland.no
Avisa Nordhordland, Kvernhushaugane 29
4. etg. Promenaden, Knarvik Senter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale