Heilt på felgen.
Politiet etterlyser no tips etter eit innbrot i EuropCar sine lokale på Mongstad natt til 19. august. Rundt ti sett med nye og gamle vinterdekk på felgar vart stole.
- Tjuvane har truleg brukt ein varebil eller hengar for å få med seg dekka. Vi er svært interessert i å koma i kontakt med folk som kan ha sett noko, opplyser Jan Kåre Aasmyr ved Nordhordland lensmannskontor.