Brandangersundet bru er på plass.
Grytidleg i morges starta den meir enn 200 meter lange Brandangersundet bru ferda frå Sløvåg til dei ferdiglaga brufesta. To gigantiske kranskip heldt brua mellom seg, og seig sakte mot Brandangersundet. Vegvesenet rekna med at heile operasjonen med å få brua på plass skal ta 7-10 timar.
I strålande verforhold gjekk operasjonen etter planen, rundt middagstider var den enorme stålkonstruksjonen på plass.
Les og reportasje i Nh lørdag.
Sjekk våre tilbod og finn ut kva abonnement som passar for deg