Fylkesutvalet krev heving.
Fylkesutvalet krev at kvikksølvet utanfor Fedje vert tatt opp og fjerna ein gong for alle.
- Vi er uroa over at fjerninga av kvikksølvet igjen ser ut til å dra ut i tid. Vi forventar at fiskeri- og kystministeren føl opp dei krystallklare løfta frå forgjengaren om at vraket skal hevast, seier det i ein resolusjon vedteken denne veka.
Som kjent vart det onsdag lagt fram ekspert-rapportar som støttar Kystverket sitt syn om at tildekking av vraket og kvikksølvet er det tryggaste alternativet miljømessig og i tillegg langt billegare enn heving.
Les meir om saka i Nh lørdag.