Mann heldig frå kollisjon.
Ein motorsyklist som like før midnatt til tirsdag fekk eit ublidt møte med ein hjort på Hopeflaten, sleppte heldig frå det heile.
Hjorten sprang til skogs etter kollisjonen, og igjen låg ein totalskadd motorsykkel og ein motorsyklist med berre lettare skadar.
- Han hadde vondt i ein fot, men var alt i alt heldig. Det kunne fort vorte veldig stygt, seier konstituert lensmann i Nordhordland, Kjell Idar Vangberg til Nh.