Barn usikra i bilar.
Morten Bøe er uroa over at enkelte foreldre vågar å la barna sitja usikra i bilen. No slår han eit slag for bilbeltet.
- Skal berre ein kjapp tur i barnehagen. Kor mange er det ikkje som har sagt liknande ord og forsikra seg sjølv om at dei har kjørt med lav fart den korte distansen fram til heimen, seier Morten Bøe.
Han bur i Alvermarka, der konsentrasjonen av hus er ganske stor og fartsgrensa berre er på 30 kilometer i timen. Men sjølv i område med lav fart kan konsekvensane verta store, dersom ein må bremsa brått. Det viser fakta.
- Om du kjører pent og pynteleg, er det ikkje sikkert at alle andre gjer det. Og ting kan skje langs etter vegen som du ikkje har herredøme over, seier Morten Bøe.
Det kjæraste vi har
Han viser til at barna er det kjæraste vi har, og det veit han at folk forstår. Men av og til trur han at tidsaspektet og distansen kan overstyra sunn fornuft.
Politibetjent Marianne Kalnes er samd. Ho kan fortelja at ho til tider ser akkurat det same og at barn til og med står i setet og ser ut av opne vindauge.
- Heldigvis er dei aller fleste flinke til å sikra barna sine i bilen, seier Marianne Kalnes. Men så melder spørsmålet seg, sikrar vi barna våre på den rette måten?
- Når barna er små, skal barnesetet setjast mot kjøreretninga. Det er ei kjend sak at folk som sit i kjøreretninga kan få nakkeslengskader. På små barn er ikkje muskulaturen nok utvikla til å handtera vekta av hovudet ved ein kollisjon, og dermed vil motsett kjøreretninga vera minst skadelidande for dei, seier Kalnes og legg til at setet sjølvsagt skal stå bak i bilen.
- Først når barnet er fire og eit år kan det sitja i eige sete i kjøreretninga. Setet skal vera utstyrt med eigne fempunktsselar, kan politibetjenten forklara.
Framsetet
- I framsetet skal barna ikkje sitja før dei er minst 1,40 meter høge. Er dei mindre kan kollisjonsputa faktisk ta livet av dei i ei ulukke, kan ho vidare opplysa.
Også setebeltet kan knekka halsen på folk, dersom den som har det på ikkje har den rette høgda og beltet legg seg feil stad på kroppen.
- Når setebeltet ikkje passar høgda, har eg sett at folk har lagt selen under armen. Det er også heilt feil, åtvarar politibetjenten.
Politibetjenten synest det er flott at folk sjølve ønskjer å setja fokus på dette. Når politiet er på kontroll, vert det lagt vekt på bilbelte, både for liten og for stor.
Åtvarar mot lause gjenstandar
Politiet åtvarar og folk mot å kjøra med tunge gjenstandar liggande laust i bilen.
- Har du tenkt over at eit kamera som ligg bak på hattehylla får ei vekt tilsvarande 15-20 kilo dersom du må bråbremsa i stor fart. Då kan ein slik gjenstand drepa. Barn som sit usikra i setet bak kan faktisk traspa setet framfor seg, på grunn av vektauken som skjer i ein bråbrems, åtvarar politibetenten.