Etter samrøysta tilråding i formannskapet kan det sjå ut til at bygginga av Lindåshallen byrjar i haust. Og Alversund får sitt kunstgras.
- Det er ei lang historie som endeleg kan sjå ut til å bli realisert. For Lindås bygda betyr dette alt, seier ein smilande Jon Helge Walderhaug, leiar i Lindås IL.
På ekstramøte i formannskapet torsdag, anbefalte politikarane kommunestyret å ta manglande finansiering på Lindås idretts- og kulturpark frå disposisjonsfondet til kommunen.
Mange års arbeid
Lindås idrettslag har jobba mot ein idrettspark i 17 år. Grasbane og eit mindre bygg er på plass. Om alt går etter planen kan bygginga av hall no setjast i gong allereie i haust.
- Det er utruleg herleg. Jubelen står i taket her på Lindås, seier Walderhaug.
Lindås IL har dei siste åra hatt mange ulike adresser, no kan det sjå ut til at dei endeleg får den etterlengta idretts og kulturparken.
- Det kjem til å bli ein heilt anna kvardag for oss, fortel han.
Prosjektgruppe
På førehand har både kommunen, næringslivet og frivillige stått for delar av finansieringa. I 2006 vart det satt ned ei prosjektgruppe med representantar frå administrasjonen, politisk og Lindås idrettslag. Etter å ha tatt mange rundar for å sjå kva behov som måtte dekkast og korleis ein kunne få eit billegare alternativ mangla det 4 millionar kroner.
- Vi ønskjer sjølvsagt å få i gang dette viktige prosjektet på Lindås, og anbefaler difor til kommunestyret å ta pengane som manglar frå disposisjonsfondet, seier Lindås ordførar, Astrid Aarhus Byrknes.
Vel fortent
Varaordførar Bjarte Vatnøy (FrP) har vore leiar i prosjektgruppa. Han er gledar seg over at det no kan sjå ut til at det vert realitet ut av planane.
- Ungdommen og bygda der ute fortente å få det på plass. Med så mykje støtte frå næringslivet er dette ei gåve til kommunen, seier Vatnøy.
Om alt går etter planen kan parken vera klar til bruk allereie om eit år.
Kunstgras i Alversund
Formannskapet kom også med anbefaling om at arbeidet med 7ar bana med kunstgrasdekke i Alversund skulle settast i gang. Grunna blant anna ein vassleidning har prosjektet vorte dyrare enn forventa. Formannskapet ber om at dei ekstra omkostningane vert dekka av kommunen. Her vil rådmannen informera om kva post dette skal takast av i kommunestyret.
- Vi håpar jo at dette skal stå klart til skulestart neste år, seier Vatnøy.
Endeleg avgjerd i begge sakene vil bli tatt på kommunestyremøtet 16 september.