Sky ikon
Nyhende | Sport | Bildeseriar
...
HUGSAR DU?: Slik såg Colaflaskene ut på 70-talet. Kjell Eivind Granbakk held fram fangsten, der både flaske og innhald er i god behald.

Årgangs-Cola på havets botn

Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand.

Oppdatert 29.07.2010 kl 15:35

I nesten 40 år har Colaflaska lagt på havbotnen, før Kjell Eivind Granbakk (22) fiska den opp. Flaska er intakt, og med kolsyre i.

Det var onsdag kveld at Grambakk og ein kamerat dykka utanfor Fløksand på jakt etter krabbar. Brått fekk Granbakk auge på flaska, som låg delvis nedgrave i sanden, rundt ti meter frå land.

- Både Colaflaska og stålkorken, som er liknande dei som ein finn på vinflasker i dag, er intakt, og utan at forseglinga er broten, fortel Granbakk.

- Det er til og med kolsyre i Colaen enno, skikkeleg kvalitetsbrus med andre ord, seier Granbakk til Nh, etter å ha studert flaska nærare.

På flaska står årstalet 1971. Flaska er med andre ord nesten 40 år gammal.

- I og med at den er funnen ti meter frå land reknar eg med at den har ramla på havet frå ein båt, seier Granbakk, som synest det var eit artig funn.

Meland

Skøytemoro på Fossemyra

Hegren stressa i hel 2400 smolt

Seks veker på post 2

Politiet måtte redda jenter i handjern

Kan du hjelpa denne gjengen?

No er samarbeidsavtalen offentleg

Meland

Skøytemoro på Fossemyra

Hegren stressa i hel 2400 smolt

Seks veker på post 2

Politiet måtte redda jenter i handjern

Kan du hjelpa denne gjengen?

No er samarbeidsavtalen offentleg

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Bildeseriar
Kontakt oss
Tipstelefon: 916 20 916
Telefon: 563 55 555
e-post: avisa@nordhordland.no
Avisa Nordhordland, Kvernhushaugane 29
4. etg. Promenaden, Knarvik Senter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale