Sky ikon
Nyhende | Sport | Bildeseriar
...
FORSKREMD: Det vekte oppsikt då denne vesle karen sprang fram og attende i vegbana på nordsida av Nordhordlandsbrua. No er han i trygge hender hjå dyreklinikken i Knarvik.

Politiutrykking for å redda pus

Skadd kattunge ved brua.

Oppdatert 10.08.2010 kl 15:55

Politiet måtte i går rykka ut for å fjerna ein forskremd og skadd kattunge frå Nordhordlandsbrua.

Det var John Ivar Rosten som i går fann ein kattunge på Nordhordlandsbrua og han frykta at katten var dumpa for å døy.

- Han var så liten og pjusk at eg kan vanskeleg sjå føre meg at han har kome seg ut dit på eiga hand, seier Rosten til Nh.

Han gjorde eit tappert forsøk på å få tak i den forskremde kattungen, men lukkast ikkje.

- Når ein ser eit uskuldig dyr i naud, så skulle det berre mangla at ein engasjerer seg for å hjelpa, meiner dyrevenen, som har både hund og hest.

Politiet rykka ut

Rosten ringte politiet og Dyrebeskyttelsen, men dei kunne først ikkje lova å rykka ut for å hjelpa katten som var i naud.

Rosten tok dermed turen tilbake nokre timar seinare, og då låg katten framleis oppå betongkanten. Den var så forskremt at det heller ikkje denne gongen lukkast han å få tak i den.

Like etter kom ein politipatrulje utstyrt med bur, garn og kattemat, og dei klarte til slutt å få tak i kattungen. Ein av betjentane vart biten, og måtte på legevakta for å få stivkrampe.

- Det er ikkje kvar dag vi fangar katt, men vi gjorde det for trafikktryggleiken like mykje som for katten, seier politibetjent Christian Hilland til Nh.

I dårleg forfatning

Politiet leverte katten til dyreklinikken i Knarvik. Forutan å vera svært skremd og avmagra, haltar den vesle kattungen. No skal den undersøkjast nærare, men først skal den kolsvarte krabaten få litt ro.

- Katten er tydeleg prega av hendinga og han er svært forskremd, så all ære til politifolka som klarte å få tak i han, seier dyrepleiarstudent Therese Bakke.

Katten si vidare skjebne er uviss. Dersom ingen eigar melder seg, vil katten truleg verta omplassert eller avliva.

Rekordår for kattedumping

Sidan mai har det strøymt på med heimlause kattar til Dyrebeskyttelsen i Bergen, langt meir enn i fjor.

Dumpinga av kjæledyr i 2010 er endelaus i følgje Dyrebeskyttelsen, og 95 prosent av all kontakt dreier seg om kattar og kattungar.

Mange blir sette igjen i gater eller på parkeringsplassar fordi eigarane har reist på ferie.

Meland

Skøytemoro på Fossemyra

Hegren stressa i hel 2400 smolt

Seks veker på post 2

Politiet måtte redda jenter i handjern

Kan du hjelpa denne gjengen?

No er samarbeidsavtalen offentleg

Meland

Skøytemoro på Fossemyra

Hegren stressa i hel 2400 smolt

Seks veker på post 2

Politiet måtte redda jenter i handjern

Kan du hjelpa denne gjengen?

No er samarbeidsavtalen offentleg

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Bildeseriar
Kontakt oss
Tipstelefon: 916 20 916
Telefon: 563 55 555
e-post: avisa@nordhordland.no
Avisa Nordhordland, Kvernhushaugane 29
4. etg. Promenaden, Knarvik Senter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale