Sky ikon
Nyhende | Sport | Bildeseriar

Braut dei fleste lover

Dårleg dag for gamal politikjenning.

Oppdatert 17.08.2010 kl 13:21

Fredag klokka 18.00 fekk politiet i Nordhordland melding om at ein bil som stod parkert utanfor Nordhordland Folkehøgskule hadde vorte påkjørt av ein annan bil.

Det viste seg at sjåføren av bilen som stod for påkjøringa ikkje hadde mykje reint mjøl i posen.

- Bilen var uregistrert, og gjekk på utgåtte prøveskilt. Mannen som kjørte hadde i tillegg til å kollidera i den parkerte bilen, også kjørt på ein gangveg og skremt nokre småjenter.

- Han var rusa på både alkohol og narkotika, opplyser konstituert lensmann i Nordhordland, Kjell Idar Vangberg, overfor Nh.

På toppen av det heile stakk mannen, som er ein gamal kjenning av politiet, av frå staden etter kollisjonen.

I følgje politiet har han ei rekkje tilsvarande forhold knytt til namnet sitt frå tidlegare av, og no er altså lista vorte endå lenger.

Meland

Skøytemoro på Fossemyra

Hegren stressa i hel 2400 smolt

Seks veker på post 2

Politiet måtte redda jenter i handjern

Kan du hjelpa denne gjengen?

No er samarbeidsavtalen offentleg

Meland

Skøytemoro på Fossemyra

Hegren stressa i hel 2400 smolt

Seks veker på post 2

Politiet måtte redda jenter i handjern

Kan du hjelpa denne gjengen?

No er samarbeidsavtalen offentleg

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Bildeseriar
Kontakt oss
Tipstelefon: 916 20 916
Telefon: 563 55 555
e-post: avisa@nordhordland.no
Avisa Nordhordland, Kvernhushaugane 29
4. etg. Promenaden, Knarvik Senter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale