Sky ikon
Nyhende | Sport | Bildeseriar
...

Dobbel glede for første skuledag

Tvillingane Amalie og Ariel Hole (6 år).

Oppdatert 18.08.2010 kl 09:02

Med sekkar full i blyantar og magar med mange sommarfuglar skal tvillingane Amalie og Ariel Hole (6 år) endeleg byrja på skulen. I dag har dei første skuledag på Sagstad skule.

- Vil du sjå sekken min? spør Ariel Hole i det ho spring inn for å henta den.

Ut kjem ho med ein grå sekk full av grøne fiskar og med ein kjempe stor blå hai på lokket.

- Eg har valt den heilt sjølv, seier ho.

Tvillingsøstera Amalie kjem hakk i hel med ein rosa og kvit sekk.

- Fin sant? Eg og har funne den heilt åleine, seier ho.

Det er ingen tvil om at jentene er klar for skulen. Etter mange månaders nedteljing er ventetida endeleg over når dei i dag byrjar i førsteklasse på Sagstad skule.

Nye vener

To dagar før skulen byrjar er planane allreie lagt for første skuledag.

- Vi skal jo få mange nye vener, seier Amalie.

- Og så skal vi dissa i friminutta, legg Ariel til.

Jentene har god oversikt over kva som ventar dei når dei no skal gå frå barnehagen til skulen.

- Dersom læraren spør om noko, så må vi huska å rekka opp handa før vi svarar, fortel Ariel.

- Også kan det jo vera at vi får ein del lekser, og då må vi hugsa å gjera dei her heime, seier Amalie.

Tal og bokstavar

For å visa at ho likar å gjera leksene sine, visar ho stolt fram ei skrivebok som ho fekk under innskrivinga på skulen i mai.

- Eg gledar meg mest til å skriva bokstavar, seier Amalie.

Sidene i skriveboka er fylt opp med bokstavar frå a til å, med både store og små bokstavar.

Ariel, derimot, gledar seg heller til å skriva tal.

- Det er kjekt visst eg lærar meg å rekna, seier ho

Spente foreldre

- Dette er jo starten på ein heilt ny epoke for oss, så vi er veldig spent på korleis det kjem til å gå, seier mamma Linn Erstad og pappa Øystein Hole.

Amalie og Ariel bur på Flatøy. Med nedlagt skule er dei aller første kull frå øya som startar på Sagstad skule. På Sagstad vert det to førstklassar, med totalt 45 elevar.

- Eg synest det er positivt at jentene får byrja i ein stor klasse. Eit mangfald av elevar vil vera ein fordel når det kjem til personlegdomsbygging, trur Øystein.

Kjempegøy

Også jentene ser ut til å gleda seg over å skulla byrja i ein klasse med over tjue ulike andlet.

- Det er gøy å bli kjent med nye, seier Amalie.

- Ja, eg kjenner allereie fem stykker, seier Ariel.

At jentene er i ekstase over at dei snart er skuleelevar er ikkje vanskeleg å sjå. Og sjølv om dei har litt sommarfuglar i magen, så gruar dei seg ikkje.

- Nei, det vert berre kjempegøy, seier dei i kor.

450 nye elevar

Talet elevar i grunnskulen i Nordhordland aukar stadig. I år byrjar 450 nye elevar på skulen, mot 431 i fjor. Lindås har framleis flest førsteklassingar, med 187. Dette er elleve fleire enn i fjor. Meland har størst auke, frå 92 til 105.På Fedje er det ni førsteklassingar, mot 12 i fjor. Austrheim, Gulen, Radøy og Masfjorden har rimeleg stabile tal elevar, men det er likevel verdt å merka seg at det ikkje byrjar ein einaste førsteklassing på Sandnes skule i år. Kløvheim, ein av Lindås-skulane som er vedteken nedlagt, har tre nye elevar i år.

Alversund er framleis den skulen med flest førsteklassingar, her byrjar det 53 nye elevar i år.

Meland

Skøytemoro på Fossemyra

Hegren stressa i hel 2400 smolt

Seks veker på post 2

Politiet måtte redda jenter i handjern

Kan du hjelpa denne gjengen?

No er samarbeidsavtalen offentleg

Meland

Skøytemoro på Fossemyra

Hegren stressa i hel 2400 smolt

Seks veker på post 2

Politiet måtte redda jenter i handjern

Kan du hjelpa denne gjengen?

No er samarbeidsavtalen offentleg

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Bildeseriar
Kontakt oss
Tipstelefon: 916 20 916
Telefon: 563 55 555
e-post: avisa@nordhordland.no
Avisa Nordhordland, Kvernhushaugane 29
4. etg. Promenaden, Knarvik Senter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale