Sky ikon
Nyhende | Sport | Bildeseriar
...
VERT HEIDRA: Arvid Sakseide har vore organist i Meland kyrkje i 34 år. Når han no gir seg går det ikkje upåakta hen. (Arkivfoto)

Kulturkveld for avtroppande organist

Arvid Sakseide takkar av.

Oppdatert 26.08.2010 kl 13:19

Etter 34 år som organist i Meland kyrkje takkar no Arvid Sakseide for seg. Den lange og tru tenesta vert markert med ein svært innhaldsrik og variert kulturkveld.

- Arvid har merka seg ut på mange måtar, og han har alltid vore romsleg og vidsynt på den musikalske fronten. Som lærar og organist har han nok møtt nesten alle i Meland på eitt eller anna tidspunkt, og evna til å inkludera folk er noko av det som kjenneteiknar han, seier Ingvard Hageberg i kulturkveldkomiteen.

Komande fredag er dagen, og Meland kyrkje er staden. Artistane komiteen har henta inn for kvelden er eit utval av alle Arvid Sakseide har hatt med å gjera opp gjennom åra.

Lang artistliste

- Det er ei stor omvelting at Arvid no gir seg, og det er vel verd å markera den fantastiske innsatsen har lagt ned, seier Hageberg.

Han håpar så mange som mogeleg vil ta del i kulturkvelden i Meland fredag kveld. På artistlista står mellom andre Magnar Mangersnes, Alversund Kammerkor, Gillian Gjelsvik, Melano, Linda Røyseth Sandhåland, Kjersti Fluge, Haakon Aase, Johannes Lyngset, Stein Flataker, Nina Brakstad og Skala.

- For oss i soknerådet har det vore veldig oppmuntrande å jobba med denne kvelden. Sjeldan har vi opplevd slik positiv respons frå alle spurde artistar, seier Hageberg.

- Graut til 150

Arrangørkomiteen kryssar no fingrane for fint vêr denne kvelden.

Etter konsertane er unnagjort inne i kyrkja er nemleg planen at festen skal halda fram under store partytelt ute på parkeringsplassen.

På menyen står rømmegraut og hotdogs.

- Vi har bestilt graut til 150 personar, og håpar så mange vil ta turen denne kvelden. Om ein ikkje vil ha mat, er konsertane åleine verd inngangspengane, seier Hageberg, som er sikker på ein god kveld og ei verdig avslutning for ein trufast organist.

Meland

Skøytemoro på Fossemyra

Hegren stressa i hel 2400 smolt

Seks veker på post 2

Politiet måtte redda jenter i handjern

Kan du hjelpa denne gjengen?

No er samarbeidsavtalen offentleg

Meland

Skøytemoro på Fossemyra

Hegren stressa i hel 2400 smolt

Seks veker på post 2

Politiet måtte redda jenter i handjern

Kan du hjelpa denne gjengen?

No er samarbeidsavtalen offentleg

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Bildeseriar
Kontakt oss
Tipstelefon: 916 20 916
Telefon: 563 55 555
e-post: avisa@nordhordland.no
Avisa Nordhordland, Kvernhushaugane 29
4. etg. Promenaden, Knarvik Senter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale