Stengd mellom Mjåtveit og Dalstø.
Fleire store steinblokker rasa ut i vegen ved avkjøringa til Dalstø torsdag ettermiddag.
Politiet trur steinblokkene kan ha rasa ut i samband med sprenging på vegparsellen mellom Mjåtveit og Dalstø.
Steinblokkene skal ha løsna og ramla ned i vegen like før kl.16.00, og i følgje politiet låg det framleis ei stor steinblokk i vegen ein time seinare.
Mjåtveitvegen vart stengd for trafikk, og trafikken vart dirigert forbi Sagstad og Dale-krysset.
-Det var tendensar til kork forbi Sagstad skule, fortel ein bilist til Nh. Vedkomande valde difor å svinga av ved Meland Aktiv og kjøra om Fosse og Litlebergen, for så å koma ut igjen på Skjellangervegen om Brakstad.
- Det var fleire som valde denne omkjøringa då det tetta seg til på Sagstad, fortel vedkomande.