Sky ikon
Nyhende | Sport | Bildeseriar
...
FORNØGD: Arvid Sakseide syntest det heile var altfor mykje å stella til berre for han, men forsikrar at kvelden var grådig kjekt.

Storslått avslutning for organisten

Arvid Sakseide hylla.

Oppdatert 31.08.2010 kl 15:08

Etter 34 år som organist i Meland kyrkje går Arvid Sakseide no inn i pensjonistane sine rekkjer. Fredag vart han hylla med storkonsert på si mangeårige heimebane.

Kyrkjelyden i Meland har sjeldan hatt ei enklare oppgåve enn å skaffa deltakarar til avslutningskonserten til Arvid Sakseide.

Den mangeårige organisten har på eit eller anna tidspunkt møtt dei fleste innbyggjarane i kommunen, og med ei genuin interesse for musikk har han sleppt til eit svært variert utval sjangrar i kyrkja opp gjennom åra.

Fredag var mange av desse tilbake for å gjera stas på den folkekjære organisten, framfor ei fullstendig fullsett Meland kyrkje.

- Tusen takk skal de ha, det har vore overveldande. Dette har vore ei musikalsk oppleving eg aldri kunne fått i stand sjølv, så tusen takk til alle som har bidrege her i dag, sa Sakseide, etter konserten..

Les meir i Nh onsdag.

Sjå bilde frå konserten her

Sjå TV Nordhordland-reportasje frå konserten og festen etterpå her

Puls

14-åring overraska med si vaksne stemme

Leiknes tok sigeren

Tett på Grand Prix-sirkuset

Mediemannen har runda 60

Klar for den store songkvelden

Nitrobeat slepp ny singel

Puls

14-åring overraska med si vaksne stemme

Leiknes tok sigeren

Tett på Grand Prix-sirkuset

Mediemannen har runda 60

Klar for den store songkvelden

Nitrobeat slepp ny singel

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Bildeseriar
Kontakt oss
Tipstelefon: 916 20 916
Telefon: 563 55 555
e-post: avisa@nordhordland.no
Avisa Nordhordland, Kvernhushaugane 29
4. etg. Promenaden, Knarvik Senter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale