Stilig filtmote på Holmeknappen.
Veninnene Liv Bergseth (10) og Erina G. Skarpenes (10) var dei yngste modellane då Galleri Rustica si nye filutstilling vart opna med skikkeleg moteshow lørdag.
- Veldig gøy, er konklusjonen til dei to veninnene frå Meland etter debuten på catwalken i Galleri Rustica på Holmeknappen i Meland.
I samband med kystsogevekene vart det i helga opna ei ny utstilling i galleriet på Holmeknappen, der kremen av filtmakarar i landet stiller ut sine eigne, maritimt inspirerte arbeid.
Utstillingane i Galleri Rustica vert vanlegvis opna med ein konsert, men under Kystsogevekene er det så mykje musikk nede på kaien på Holmeknappen at gallerieigarane Leif og Anne Johnsen gjekk for ein ny vri.
Med ein sporty Meland-ordførar til å traktera skarptromma vart 16 lokale modellar, alle kledd i filt, tromma inn i galleriet, der mykje skodelystent publikum venta.
Sjå bilde frå motevisinga her
- Verdsklasse
Medan jentene og damene etter tur viste fram dei flotte filtkleda og hattane, fortalde dagleg leiar ved Hillesvåg ullvarefabrikk, Øyvind Myhr, kva det var publikum hadde framfor seg.
- Norske filtmakarar representerar det ypparste innan faget, så her ser de filtarbeid i verdsklasse, fortel Myhr, som leiar bedrifta som serverar kunstnarane med mykje av materialet dei brukar.
Han burde med andre ord vita kva han snakkar om.
- Dette er Galleri Rustica sitt opplegg, men det er veldig kjekt for oss å få vera med her, og sjå dei ferdige produkta. Eg har sett mykje filtarbeid rundt omkring, og eg vert like imponert kvar gong. Kjekt at også fleire får sjå kva norske kunstnarar kan, seier han.
- Sett det på TV
For Liv og Erina var catwalk-debuten heilt uproblematisk. Ingen av dei to var nervøse, til tross for at dei berre hadde øvd på programmet ein gong.
- Det gjekk veldig fint. Vi har sett på motevising på TV, så det var ikkje noko problem, fortel dei.
Kleda dei hadde på seg ute på golvet synest dei to tiåringane er veldig fine.
- Hadde sikkert brukt dei om vi hadde eigd dei, i alle fall til fint, fortel dei to veninnene.
Leif Johnsen har aldri hatt motevising i galleriet tidlegare, men synest det heile gjekk veldig bra.
- Det er jo litt upløya mark for oss dette her, men alle kom fint ifrå det. Ein fin måte å visa fram filtarbeida på, seier han til Nh.
Vener og kjende som modellar
Modellane som vart brukt denne lørdagen høyrer alle heime i Meland, og oppslutninga synest Johnsen vart over all forventning.
- Vi spurde nokre vener og kjende av oss om dei ville visa fram kleda, og der var det velvilje. Vi håpa på mellom seks og ni modellar, men enda opp med 16. Damene har jo gjerne døtre som vil vera med også, og dermed vart det jenter i alle aldrar, fortel han.
Gallerieigaren rettar også ein stor takk til konferansier Øyvind Myhr og ordførar Nils Marton Aadland som fann igjen tromma åtte år etter at den sist var i bruk.
- Veldig sporty, meiner han.
Sjå bilde frå motevisinga her