Klar fo Det norske Teateret.
Det norske Teateret i Oslo set opp Linda Fosse si førestilling om Aslaug Låstad Lygre to gonger i desember.
Linda Fosse tar med seg Aslaug Låstad Lygre-førestillinga til Oslo og Det norske Teateret.
To dagar før Aslaug Låstad Lygre ville ha fylt 100 år, blir scenelyset i hovudstaden sett på Lindås-lyrikaren sitt liv og dikting.
Eit høgdepunkt
- Klart det er kjempestas. Det blir eit defintivt høgdepunkt å ta med seg Låstad Lygre til Det norske Teateret, seier Linda Fosse.
Ho synest det er viktig at også austlendingane skal få bli betre kjend med vår fantastisk flotte lyrikar.
- Framleis er det altfor mange som trur det er Skjæråsen eller Moren Vesaas som har skrive ”Du skal ikkje sova bort sumarnatta”. Det må vi få gjort noko med, smiler Linda.
På sin plass
Ho skal visa den 45 minuttar lange førestillinga 10. - og 11. desember.
- Det er berre heilt på sin plass at ein av våre største norske kvinnelege lyrikarar i etterkrigstida blir markert også på ei hovudstadscene i samband med 100 års markeringa.
Ho håpar mange nordhordlendingar, og strilar som bur i hovudstaden, nyttar sjansen til å få med seg før oppsetjinga. Tidlegare har Linda Fosse presentert smakebitar av Lindås-diktaren i ”lunsj og lyrikk”-samlinga i foajeen på Det norske Teateret.
Bursdags-markering
Linda Fosse har gitt Det norske Teateret klar melding om at ho ikkje kunne ha framsyning 12. desember. Då skal ho vera tilbake for å delta på sjølve 100 års-dagen på Lindås.
- Den vil eg for all del ikkje gå glipp av etter å ha jobba med Aslaug i så mange år, seier Alversund-artisten som har skrive melodi til mange av Låstad Lygre sine dikt og sunge inn CD.