Heimalanné slepp plate nummer fem.
Men Utekonsert i Solheimsåsen førre helg, sleppkonsert på Madam Felle fredag og minikonsert i Knarvik lørdag markerar Heimalanné at plate nummer fem straks er i butikkhyllene.
Den nye plata, som ber namnet Veien Vidare, skulle etter planen ha kome ut for lenge sidan, men diverse sjukdom blant fleire av bandmedlemmane har utsett utgjevnaden fleire gongar.
Halvanna år
- Det er vel halvanna år sidan vi byrja studioarbeidet med plata, om ikkje enno lenger. Vi har måtte gjera ting i fleire avdelingar denne gongen, og ting har gått litt i rykk og napp. Men no er ho altså ferdig, og vi er godt fornøgd med produktet, seier frontfigur og komponist, Arne Bø, til Nh.
Den nye plata, den femte i rekkja for Heimalanné, inneheld heile 15 songar.
Mellom desse er nok sommarhiten frå i fjor, Sommaren er her, den flest har høyrt.
Likevel lovar Bø at folk kjem til å kjenna igjen musikkstilen.
- Umiskjenneleg Heimalanné
- Det er umiskjenneleg at det er Heimalanné, og musikken på den nye plata er absolutt heimalandsk. Etter å ha skrive nokre hundre låtar i same stilen går ein jo naturleg nok litt tom, men mange av låtane våre handlar framleis om kystkulturen vår og liknande, seier Bø.
Heimalanné-tilhengarar må likevel bu seg på at den nye plata er litt hardare enn sine forgjengarar.
- Vi har fått ny trommeslagar, Gunnar Bergstrøm, og han har gjort ting litt røffare enn tidlegare. Dessutan brukar gitaristane elgitarane meir enn før. Vi har nok dreia skruen litt nærare mot rock n´ roll, seier Arne Bø til Nh.
- Ei viss forventning
Sidan 1999 har det vorte åtte utgjevingar på Heimalanné, inkludert singlar og vinylplate. Veien
Vidare er altså album nummer fem. Bø er spend på mottakinga.
- Det byrjar jo å verta litt etter kvart, men det er alltid like moro å gi ut noko nytt. Eg merkar at det er ei viss forventing i lufta, og det er ein del som har lurt på når plata kjem. Ting har tatt tid, men vi håpar og trur at plata har vore verd å venta på, seier han.
Ting går slag i slag med konsertar framover, og lørdag er det altså minikonsert og platesignering i Knarvik senter.
Planlegg neste prosjekt
Førre helg spelte bandet på Solheimsåsen på Sæbø i samband med Kystsogevekene.
- Det var ei veldig kjekk affære, bortsett frå at det vart forferdeleg kaldt. Har fått veldig gode tilbakemeldingar etter den konserten, og det er alltid moro å spela på heimebane. For ein som kjem frå Manger kjem ein ikkje veldig mykje nærare heim, seier Bø.
Sjølv om programmet framover er tett, er det ikkje verre enn at tankane får jobba undervegs.
- Planlegginga av neste prosjekt er allereie i gang, forsikrar han.