Sky ikon
Nyhende | Sport | Bildeseriar
...
HER SVINGAR DET: Det kjem garantert til å svinga når Hot Club de Norvege set igang på Nordhordland folkehøgskule fredag kveld. (FOTO: Bjørn Melby)

Klart for Hot Club de Norvege

Det blir både sag og svingande rytmar når Hot Club de Norvege skal få Knarvikmil-veka til å svinga fredag kveld.

Oppdatert 02.09.2010 kl 20:02

-Det blir nok første gong du i festsalen på Nordhordland folkehøgskule høyrer minst to gitarar, munnspel, fiolin, sag og kontrabass i samspel. Garantert ei oppleving der du går ut frå salen med god rytme i kroppen, seier Inger Johanne Ektvedt i Musikkens Venner Nordhordland, som arrangerer konserten som ein del av kulturtilbodet under Knarvikmila-veka.

- Hot Club de Norvege er eitt av dei ”hottaste” liveband i Norge, og har vore kontinuerleg på vegen sidan 1979, sju år lenger enn Aha. Bandet har spelt over heile kloden og blir internasjonalt rekna mellom dei fremste i sin stilart, ofte kalla ”String swing”. Hot Club de Norvege tar utgangspunkt i musikken til den legendariske sigøynar-gitaristen Django Reinhardt, den franske jazzmusikaren kjend for sine improvisasjonar og mjuke stilart.

- Denne type musikk vil heile sikkert få fleire vener når du har høyrt dette bandet live, seier Inger Johanne Ektvedt.

Puls

14-åring overraska med si vaksne stemme

Leiknes tok sigeren

Tett på Grand Prix-sirkuset

Mediemannen har runda 60

Klar for den store songkvelden

Nitrobeat slepp ny singel

Puls

14-åring overraska med si vaksne stemme

Leiknes tok sigeren

Tett på Grand Prix-sirkuset

Mediemannen har runda 60

Klar for den store songkvelden

Nitrobeat slepp ny singel

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Bildeseriar
Kontakt oss
Tipstelefon: 916 20 916
Telefon: 563 55 555
e-post: avisa@nordhordland.no
Avisa Nordhordland, Kvernhushaugane 29
4. etg. Promenaden, Knarvik Senter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale