2 bind bygdebøker for Lindås.
Reidar Haukås vart i går tildelt frivilligprisen i Lindås i samband med Knarvik-konferansane på Nordhordland Folkehøgskule.
Arbeidet med bygdeboka for Lindås er grunnen til at Reidar Haukås vart tildelt frivilligprisen.
Boka kom ut i to bind med 700 sider i kvar, og med til saman 1700 bilde. Reidar Haukås starta praktisk tala med blanke ark.
Stå-på-vilje
- For du hadde ikkje erfaring i denne type arbeid frå før. Men du hadde ein ståpåvilje til å få gjennomført jobben og ved hjelp av medarbeidarane dine klarte å du dra prosjektet i mål. Vi er utruleg takksame for arbeidet du har gjort, sa ordførar i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes i tildelinga av prisen.
Kvar ein kjem frå
Ho viste til at det kanskje bur ein slektsgranskar i oss alle. For mange er det svært viktig å vita kvar ein har røtene og kvar ein kjem frå.
- Difor er det så viktig at eldsjeler som Reidar Haukås gjer ein innsats, sa ordføaren, som hadde fått løyve av Meland-ordførar Nils Marton Aadland til å stilla med Lindås sitt ordførarkjede på Frekhaug.
Krevande
Bygdeboka for Lindås har vore eit krevande arbeid, ikkje minst fordi boka også omfatta Mongstad. Reidar Haukås takka kommunen for den velviljen som dei har vist.
Sjekk våre tilbod og finn ut kva abonnement som passar for deg