To rauk i A-sluttspelet.
Både Austrheim sitt jenter 14-lag og NBK sitt jenter 15/16-lag avanserte til A-sluttspelet i årets Norway Cup, men begge laga rauk i første sluttspelkamp.
Austrheim-jentene, det einaste lokale laget i turneringa som spelar sjuarfotball, vann enkelt 8-2 over Rælingen i første kamp. Abildsø IL vart slått 2-0 i andre innleiande, og sjølv om det vart tap 3-1 mot Sandane i siste kamp, avanserte jentene til 1/16-finalen i A-sluttspelet.
Her vart motstanden for tøff, og Skarbøvik vann til slutt 4-0. Dermed var cup-eventyret over for denne gong for unge og håpefulle Austrheim-jenter.
Også NBK sitt jenter 15/16-lag avanserte til A-sluttspelet. Laget vann 2-1 over Bruvoll og 3-1 over Førde, men måtte sjå seg slått med 3-1 av Sunndal.
Med seks poeng vart det likevel 1/32-finale i A-sluttspelet på jentene. Mot Players Soccer Club vart sluttresultatet 0-0.
Heller ikkje i ekstraomgangane vart det skåra mål, og i straffesparkkonkurransen var det Players Soccer Club som var sikrast, og vann 3-1.
Verken NBK sitt gutar 15/16-lag eller Kvernbit sitt jenter 15/16-lag avanserte til verken A- eller B-sluttspelet i verdas største fotballturnering.
NBK tapte 3-0 i siste innleiande runde, og det eine poenget laget hadde fått med seg frå dei to første kampane var ikkje nok til å sikra B-sluttspel.
Kvernbit hamna på si side sist i gruppa, og fekk heller ikkje spela B-sluttspel.