Over 2000 ungdomar klare.
Allereie dagen før påmeldingsfristen gjekk ut hadde Ungdomsløpet høgare påmelding enn nokon gong. Torsdag ventar både springing, miljøfokus og trafikksikring på over 2000 ungdomar.
- Den gamle rekorden på 1950 var slått allereie torsdag, og vi veit at endå fleire kjem til å melda seg på innan fristen går ut, seier Knarvmil-general, Helge Brekke til Nh.
Ungdomsløpet tjuvstartar kvart år tradisjonsrike KnarvikMila, og når årets arrangement vert avvikla på Knarvik stadion torsdag er det altså med over 2000 ungdomar til stades.
- Vi har deltakarar frå heile Nordhordland, Bergen, Hardanger og Røldal, fortel ein alltid like entusiastisk Helge Brekke.
Trafikktryggleikskurs
Når så mange ungdomar samlast på ein stad vert det slått fleire floger i ein smekk. Medan 8.- og 9, klassingane spring skal 10. klassingane på trafikktryggleikskurs.
Her kjem både politi, ambulanse, brannvesen og fleire tunge aktørar innan feltet til å vera til stades, og alle elevane får spørjeskjema dei skal fylla ut. Premiane er, som alltid i KnarvikMila, imponerande.
- Det vert trekt ut eit trafikkopplæringskurs til ein verdi av 15 000 kroner til ein heldig vinnar. Ein annan vinnar får ein scooter til ein verdi av 14 000 kroner. Andre premiar er fullt scooterutstyr og fleire trafikale grunnkurspakker, fortel Brekke.
Alle skulane som deltar under Ungdomsløpet har fått tilsend forkurs slik at elevane kan stilla godt førebudd på problemstillingane som ventar dei.
Miljøkurs
Trafikktryggleiken er i denne omgang meint for 10. klassingane, men også 9.- og 8. klassingane skal få med seg litt matnyttig informasjon frå Ungdomsløparrangementet.
- For dei yngste ungdomane vert det miljøkurs i samarbeid med NGIR. Også her vert det konkurranse, og førstepremien er ein flott sykkel, seier Brekke.
Sjølve Ungdomsløpet kjem som anlegg til å gå med fellesstart for kvart klassetrinn i den såkalla Brekke-løypa.