Sky ikon
Nyhende | Sport | Bildeseriar
...
TEKNIKAR: David frå Radøy/Manger Blå i fint driv mot Jørgen frå Os Barca 2000.

Suksess for Kvernbit Cup

Rundt 2000 ungar i aksjon.

Oppdatert 30.08.2010 kl 15:49

Årets Kvernbit Cup vart ein kjempesuksess, med ikkje mindre enn 210 lag og rundt 2000 aktive spelarar i alderen sju til tolv år i aksjon.

- Inkludert foreldre har det sikkert vore 4000-5000 menneske innom Fossemyra denne helga. Dette er så stort som vi kan ha det, det er ikkje plass til fleire. Her har vore aktivitet frå klokka 17.00 fredag til siste pokalen var utdelt søndag klokka 18.00, seier dagleg leiar i Kvernbit IL, Trond Egil Soltvedt.

Soltvedt ønskjer å retta ein stor takk til dei rund 200 frivillige som til saman har lagt ned mange tusen dugnadstimar denne helga.

- Dei har gjort ein fantastisk innsats. Utan dei frivillige hadde ikkje dette gått, seier han.

Ein stor takk går også til dei høgare makter som bidrog med både sol og varmt vêr nesten heile turneringa igjennom. Dette førte mellom anna til at all isen vart utseld.

- I fjor regna alt vekk, og vi måtte levera nesten all isen tilbake, så dette var noko anna, seier han.

Tilbakemeldingane etter den store turneringa er utelukkande positive for arrangørklubben.

- Eg vil kalla det eit nærast perfekt arrangement. Det er alltid ein eller annan tulling som kjeftar på domarane, og nokre små ting vert det alltid, men i år har det vore ekstremt bra.

- Alle eg har snakka med er veldig fornøgd, og når vi har rutinane såpass godt inne som vi har, vert det stort sett berre kjekt å arrangera cup for ungane, seier Soltvedt til Nh.

Les meir om Kvernbit Cup i Nh onsdag.

Aldersbestemt

Takkar for nye drakter med julehandel-assistanse

Pernille banka inn 11 mål

KM-tittelen rauk for NBK

Trena med Brann-kapteinen

NBK-gutane imponerar i Norway Cup

Jonas Dalland vann på Ulven

Aldersbestemt

Takkar for nye drakter med julehandel-assistanse

Pernille banka inn 11 mål

KM-tittelen rauk for NBK

Trena med Brann-kapteinen

NBK-gutane imponerar i Norway Cup

Jonas Dalland vann på Ulven

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Bildeseriar
Kontakt oss
Tipstelefon: 916 20 916
Telefon: 563 55 555
e-post: avisa@nordhordland.no
Avisa Nordhordland, Kvernhushaugane 29
4. etg. Promenaden, Knarvik Senter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale