Barnehageungane gav alt.
Onsdag gjekk tradisjonsrike Haugenmila av stabelen i Haugen Barnehage i Knarvik.
Løpet for ungane i barnehagen har dei siste elleve åra vorte arrangert fredagen før Knarvikmilhelga.
I år fall altså løpet på ein onsdag.
Nesten alle ungane i barnehagen var med og sprang, uansett alder, og i løypa var det også lagt inn både hinder og vasstasjon.
Årets løp vart opna av ingen ringare enn Knarvikmil-generalen sjølv, Helge Brekke, som ønska alle ungane lukke til ute i løypa.
- Dette er tradisjon for oss, og både ungar og vaksne synest det er veldig moro, seier einingsleiar Sissel Hindenes.
Sjå stor bildeserie frå løpet her (Alle foto: Endre Hopland)