Sky ikon
Nyhende | Sport | Bildeseriar
...
HJELPER TIL:?Thea Sæle (t.h.) og Benedicte Holmås Bjørsvik frå handballgruppa i Knarvik Idrettslag hjelper kundane på Eurospar i Isdalstø med posepakkinga. Butikken har nemleg sponsa nye drakter til jentene, og då stiller dei unge handballspelarane villeg opp for å assistera. Her er det Elin Mosevoll som får ekstraservice.

Takkar for nye drakter med julehandel-assistanse

Knarvik Idrettslag sine handballjenter fødd i 2000 og 2001 har fått flett nye drakter, sponsa av Eurospar Isdalstø. I dagane før jul har jentene hjelpt til i butikken som ein liten takk for den flotte gåva.

Oppdatert 23.12.2011 kl 15:50

- Dette er berre moro, seier Thea Sæle og Benedicte Holmås Bjørsvik, som saman med Selvilda Korneliussen var handballjentene i Knarvik Idrettslag sine utsendingar på Eurospar i Isdalstø bittelille julaftan.

Arbeidsoppgåvne når Nh var innom og helste på i firetida handla om pakking av varer for julehandlande kundar. Det er ikkje få som har haug på handlevogna no rett før jul, så jentene fekk nok å henga fingrane i.

- Dette var jammen god service, seier Elin Mosevoll, som etter å ha trekt kortet berre kunne plukka med seg ferdifylte handleposar og koma seg vidare.

- Breidden viktigast

Det var kjøpmann på Eurospar Isdalstø, Connie Engen, som tok initiativ til å utstyra handballjentene med nye drakter.

- Eg sende ein mail til handballgruppa i Knarvik, der eg spurde om dei hadde nokon lag som trengde nye drakter. Vi fekk raskt kartlagt kva lag som hadde størst behov, og så skaffa vi drakter til desse laga, fortel Engen.

Bakgrunnen for initiativet er at butikken ønskjer å gi noko tilbake til nærmiljøet.

- Sjølv om vi heiter Eurospar, er vi med i Spar-kjeda, som mellom anna sponsar handballgutane. Det er kjekt å sponsa elitespelarane, men vi sponsar også breiddeidretten. Den er den aller viktigaste, seier Engen, som også veit godt at det ikkje alltid er like enkelt for ein klubb å skaffa midlar til nye drakter på eiga hand.

Ein del av sponsoravtalen går ut på at nokon av jentene skal vera med og hjelpa til med litt småoppgåver i butikken no før jul. Ikkje harde maratonøkter, mest for julestemninga sin del.

- Fantastiske jenter

- Her har jentene vore fantastiske. Vi hadde håpa på at nokon av jentene kunne ha tid innimellom kampar, treningar og andre aktivitetar, men mitt inntrykk er at nesten alle på laga ville vera med og hjelpa til. Det er vi veldig glade for, seier kjøpmann Engen.

Det var handballjenter frå Knarvik i aksjon på Eurospar i Isdalstø både 16., 17., 22. og 23. desember, og jentene stilte sjølvsagt i sine nye drakter, med både namn og nummer på.

Aldersbestemt

Takkar for nye drakter med julehandel-assistanse

Pernille banka inn 11 mål

KM-tittelen rauk for NBK

Trena med Brann-kapteinen

NBK-gutane imponerar i Norway Cup

Jonas Dalland vann på Ulven

Aldersbestemt

Takkar for nye drakter med julehandel-assistanse

Pernille banka inn 11 mål

KM-tittelen rauk for NBK

Trena med Brann-kapteinen

NBK-gutane imponerar i Norway Cup

Jonas Dalland vann på Ulven

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Bildeseriar
Kontakt oss
Tipstelefon: 916 20 916
Telefon: 56 35 55 55
e-post: avisa@nordhordland.no
Avisa Nordhordland, Kvernhushaugane 29
4. etg. Promenaden, Knarvik Senter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale