Lindås og NBK sine småjenter møttest i spennande semifinale i Sognefjord cup.
Over 4000 unge fotballspelarar deltok i årets Sognefjord cup, mellom dei ei rekkje lag frå NBK, Radøy/Manger, Lindås, Eikanger, Kvernbit, Austrheim og Hordabø.
Aller størst spenning var det i klassen småjenter 96, der Lindås og NBK kjempa seg fram til semifinalen. Kampen på det flotte storanlegget på Hafslo var jamn og spennande, til slutt drog NBK det lengste strået med 2-1 siger. Lindås leia lenge 1-0, og på stillinga 1-1 hadde lindåsingane overtaket på flest corner. Men NBK fekk inn det nødvendige målet heilt på slutten, til ellevill jubel frå ein stor koloni suportarar.
Lindås fekk ei fin trøyst då dei sikra bronseplassen i turneringa med 3-0 over Bjørn, medan NBK fort måtte innsjå at Fyllingen vart for sterke i finalen. Det enda med tap 1-5.
I B-sluttspelet i same klasse møttest Radøy/Manger og Eikanger i kvartfinalen. Radværingane vann 2-0, og gjekk seinare heilt til finalen der det vart tap 1-4 for Lærdal.
Smågutar 96
Hordabø kom lengst i gutar 96, men rauk på ein stygg smell med 0-10 i kvartfinalen i B-sluttspelet mot Sotra.
Radøy/Manger hadde med to lag til B-sluttspel, det eine tapte 0-1 for Bjørn i kvalikk, det andre 0-2 for Os i åttandedelsfinale. Lindås var med til åttandedelsfinalen, der vart det 0-1 i ein svært jamn kamp mot Gneist.
Smågutar 97
I smågut 97 var det knytt store forventningar til NBK sitt lag, men dei møtte tøff motstand og hamna i B-sluttspel. Her rauk laget ut på suraste måte, talet cornerar avgjorde dysten mot Førde. Også Eikanger stoppa i kvalikk-runden i B-sluttspelet, Vadmyra vart for sterke og vann 2-0.
Best av dei lokale laga var Kvernbit, laget kjempa seg til kvartfinale der det vart 1-2 for Langevåg.
NBK hadde med to lag, lag 2 fekk den tvilsame æra av å møta Brann sine beste talent, og måtte tola 0-8 i bagasjen.
Småjenter 97
I jenter 97 var det Lindås som gjorde det best, laget nådde kvartfinalen i B-sluttspelet. Her vart det 3-1 tap for Tyssedal. NBK hadde med to lag, dei tapte for rekkjevis Sogndal og Langevåg i byrjinga av B-sluttspelet.
Vellukka turnering
Trass mange deltakarar har Sognefjord cup lukkast å halda preget av å vera ei trygg og oversiktleg turnering. Grasbanene heldt svært god kvalitet, og mange av laga slapp til på Fosshaugane stadion, noko som tydelegvis var ei stor oppleving for unge spelarar. Når arrangøren og legg vekt på å samla flest mogleg av klubbane sine lag på same skule så langt det let seg gjera, vart helga ei flott sosial oppleving for både spelarar og foreldre.
Sportsleg er bildet annleis, her viser resultata dessverre at lokale smågute- og småjentelag berre unntaksvis kan hevda seg mot dei laga som er komne lengst i utviklinga.
Sjå bilde av fleire lokale lag i Nh si papiravis onsdag.