Sky ikon
Nyhende | Sport | Bildeseriar
...
GOALGETTER: Sindre Marøy skåra to av Løv-Ham sine fem mål borte mot Bryne søndag. Radværingen er no oppe i elleve mål denne sesongen. (Foto: BA) Foto: BA

Marøy-dobbel mot Bryne

No er radværingen oppe i elleve Adecco-mål.

Oppdatert 26.07.2010 kl 10:45

Radværingen Sindre Marøy er verkeleg i støtet i Løv-Ham-trøya for tida. Søndag netta han to gongar då Bryne vart senka på eige gras.

Etter nesten halvspelt sesong i Adeccoligaen er det berre Marius Helle frå Bryne som har skåra meir enn Sindre Marøy på nest høgaste nivå i norsk herrefotball.

Det var også nemnde Helle som kom først på skåringslista i søndagens kamp mellom Bryne og Løv-Ham på Bryne stadion. Etter berre 12 minutt banka han inn 1-0 frå 16 meter.

Elleve minutt seinare skapte Sindre Marøy balanse i rekneskapen, då han ekspederte eit innlegg frå ein annan nordhordlending, Matias Møvik frå Stranda, i nettet.

18 år gamle Fredrik Haugen skåra 1-2 for løvene i det 34. minutt, før Marøy på ny var frampå i det 42. minutt. Åleine med keeper var han iskald, og lobba ballen over ein utrusande sisteskanse.

Like før pause sette også Haugen inn sitt andre for dagen, og Løv-Ham gjekk i garderoben med 1-4-leiing mot rogalendingane.

Etter kvilen brukte heimelaget berre fem minutt på å kontra inn 2-4 ved Sverre Larshus Larsen, og på ny hadde kampen nerve.

I det 63. minutt vart Mads Cato Moldskred byta inn for Løv-Ham, og etter berre fem minutt på bana fann han vegen til nettmaskene.

Resultatet 2-5 stod seg kampen ut, og Løv-Ham kunne konstatera tre viktige poeng i den svært jamne Adeccoligaen.

Etter 14 spelte kampar har Marius Helle frå Bryne skåra 17 mål, noko som er klart mest i divisjonen. Sindre Marøy har skåra nest mest i Adeccoligaen med sine elleve fulltreffarar.

Så mykje har ikkje Marøy skåra sidan han spelte for Radøy/Manger i 3. divisjon, og enno er altså sesongen berre halvspelt.

Les fyldig referat frå kampen på her

Sport

Herman og Kristian i hard duell

Open skøyteis på Fossemyra

Claus vann NM-publikummet

Elite-innløparar frå Lindås

Sunde til topps i Nyborgstemna miniatyr

Endeleg i gang

Sport

Herman og Kristian i hard duell

Open skøyteis på Fossemyra

Claus vann NM-publikummet

Elite-innløparar frå Lindås

Sunde til topps i Nyborgstemna miniatyr

Endeleg i gang

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Bildeseriar
Kontakt oss
Tipstelefon: 916 20 916
Telefon: 563 55 555
e-post: avisa@nordhordland.no
Avisa Nordhordland, Kvernhushaugane 29
4. etg. Promenaden, Knarvik Senter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale