Sky ikon
Nyhende | Sport | Bildeseriar
...
SUVEREN: Feseth Lynet danka ut all motstand under Norgesmeisterskapen for kaldblodshestar i helga. (Arkivfoto)

Suverent best i landet

Seim-hesten Feset Lynet vann NM.

Oppdatert 26.07.2010 kl 15:29

Seim-hesten Feseth Lynet la all konkurranse bak seg under NM for kaldblodshestar i helga. – Hesten er i kanonslag om dagen, seier eigar Thorbjørn Olsen

Nh sin hesteekspert Olav Lunde melder om at hesten Moe Brage stakk til tet frå start i NM-løpet på Sørlandet Travpark i helga.

Ganske raskt sleppte han likevel til Neslands Loke, som overtok ut av første sving. Feseth Lynet opna på si side roleg, og låg seg i sjette spor utvendig.

Med to rundar igjen overtok Mørtvedt Jerkeld teten og Ramstad Eld hamna i dødens.

På siste bortre sette Feseth Lynet fart, og då gjekk det verkeleg fort. Inn mot siste sving fekk Moe Brage opning og fekk overta teten, men Feseth Lynet var heldig og fekk rygg på Særpefanten rundt siste sving.

Inn på oppløpet vart Moe Brage trøytt, og ute i bana kom Særpefanten i stor fat. Heilt yst var det likevel ein seimar som hadde aller størst fart.

Fem hestelengder

- Han var heilt suveren på slutten, og vann med fem hestelengder, forklarar ein lukkeleg hesteeigar, Thorbjørn Olsen, overfor Nh.

Feseth Lynet er den første Nordhordlandshesten nokon gong til å vinna Norgesmeisterskapen. Førstepremien på heile 150 000 kroner føyer seg fint inn i rekkja av solide gevinstar denne sesongen.

Så langt i år har Feseth Lynet og Feseth Nils, som også er eigd av Olsen-familien, kjørt inn rundt 700 000 kroner. For Olsen er det likevel sigeren som smakar klart best.

- Vi hadde forventningar til han, og ante at han var klar for å vinna. Likevel er det heilt fantastisk at han gjer det, og i tillegg så suverent. Det vart litt av ein fest etterpå kan du tru, fortel Olsen.

- Best i landet

Etter å ha sett seg fast i to løp på rad klaffa det endeleg for Feseth Lynet.

Under førre løp på Jarlsberg Travbane vart han stengt inne til berre 100 meter stod att av løpet, men dei resterande 100 meterane sprang han til gjengjeld fire gongar så fort som konkurrentane, og sikra med det ein tredjeplass.

Olsen visste såleis godt kva hesten hans var god for.

- Han er best i landet no, ingen tvil om det. Det er ein hest borti Sverige som klarar å springa frå han, men elles er han heilt suveren. Å vinna NM er ein utruleg prestasjon, for det er veldig høgt nivå på alle hestane som stiller til start. Å vinna med fem lengder viser kva for ein utruleg form denne hesten er i, seier Olsen.

Damer og pengar

Feseth Lynet har så langt hatt ein fin sommar med mykje god trening og flotte damer.

55 merrer har han bedekka så langt i år, og dei ettertrakta genane hans skal vidareførast ytterlegare utover hausten.

Også på løpssida har Feseth Lynet ein travel seinsommar og haust framfor seg. Om 14 dagar stiller han til start i Skien, og ytterlegare 14 dagar seinare er det Nordisk Elitekamp-løp i Nord-Sverige. 6. september er det nytt løp på Biri, før Åbo i Finland ventar 26. september. Sesongen vert avslutta i Bergen 16. oktober.

I alt kjempar hesten om opp mot 1,5 millionar kroner i førstepremiepengar fordelt på dei resterande løpa.

Sport

Herman og Kristian i hard duell

Open skøyteis på Fossemyra

Claus vann NM-publikummet

Elite-innløparar frå Lindås

Sunde til topps i Nyborgstemna miniatyr

Endeleg i gang

Sport

Herman og Kristian i hard duell

Open skøyteis på Fossemyra

Claus vann NM-publikummet

Elite-innløparar frå Lindås

Sunde til topps i Nyborgstemna miniatyr

Endeleg i gang

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Bildeseriar
Kontakt oss
Tipstelefon: 916 20 916
Telefon: 563 55 555
e-post: avisa@nordhordland.no
Avisa Nordhordland, Kvernhushaugane 29
4. etg. Promenaden, Knarvik Senter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale