Sky ikon
Nyhende | Sport | Bildeseriar
...
Kristoffer Møvik i aksjon mot Leeds United. Foto: BA

Fekk prøva seg mot Leeds

Kristoffer Møvik og Sindre Marøy.

Oppdatert 28.07.2010 kl 13:35

Møvik og Marøy fekk begge bra med speletid då eit nykomponert Brann tapte 1-3 mot Leeds på stadion tirsdag kveld. Møvik, som er frå Stranda i Lindås kommune, starta sin første kamp for A-laget til Brann.

Til dagleg spelar junior- og andrelagsfotball i klubben.

17-åringen kom bra frå Leeds-kampen, sjølv om det til slutt enda med tap.

Etter ti minutt spel var den tidlegare Eikanger-spelaren på veg gjennom, men vart halde igjen av Lloyd Sam, som fekk eit korrekt idømt gult kort.

To kjappe

Etter 18 minutt gjekk Leeds opp i leiinga mot eit Brann-lag som kvilte heile startellevaren frå 1-4-sigeren mot Sandefjord søndag.

Luciano Becchio skåra Leeds sitt leiarmål.

Åtte minutt seinare var det nemnde Lloyd Sam som var på rett stad til rett tid, og enkelt kunne setja inn 0-2 etter ein miss i feltet.

Løv-Ham-besøk

Brann reduserte til 1-2 like før pause, då nysigneringa Zsolt Korcsmár fann Cato Hansen med ein herleg stikkar.

Åleine med keeper Kasper Schmeichel var Hansen iskald, og laga kunne gå i garderoben med berre eit måls skilje.

I pausen kom to Løv-Ham-spelarar innpå, Erlend Storesund og radværingen Sindre Marøy, som har skåra elleve mål i Adeccoligaen denne sesongen.

Andre omgang var berre seks minutt gamal før Kristoffer Møvik pådrog seg gult kort etter ei hard takling på Lloyd Sam. Seks minutt seinare gjekk Leeds opp i 1-3.

På ny var det Luciano Becchio som var frampå, etter at Tijan Jaiteh mista ballen unødvendig.

Gjennomkjøring

Møvik vart tatt av bana i det 71. minutt til fordel for Anders Næs, medan Marøy spelte kampen ut.

Fleire mål vart det ikkje, og den gamle storheita Leeds United vann unekteleg fortent.

Det høyrer med til historia at dei møtte eit Brann-lag som berre gav dei faste spelarane nokre minutt på slutten av kampen.

Trenar Rune Skarsfjord brukte nemleg oppgjeret mot Leeds som ei gjennomkjøring for ungdomar, gjestespelarar og nye fjes.

Les fyldig kampreferat på våre LIVE-sider

Sport

Herman og Kristian i hard duell

Open skøyteis på Fossemyra

Claus vann NM-publikummet

Elite-innløparar frå Lindås

Sunde til topps i Nyborgstemna miniatyr

Endeleg i gang

Sport

Herman og Kristian i hard duell

Open skøyteis på Fossemyra

Claus vann NM-publikummet

Elite-innløparar frå Lindås

Sunde til topps i Nyborgstemna miniatyr

Endeleg i gang

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Bildeseriar
Kontakt oss
Tipstelefon: 916 20 916
Telefon: 563 55 555
e-post: avisa@nordhordland.no
Avisa Nordhordland, Kvernhushaugane 29
4. etg. Promenaden, Knarvik Senter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale