Sky ikon
Nyhende | Sport | Bildeseriar
...
SUPERLØP: Bertine-Helene Færø slo til med bronse på 3000 meter hinder under senior-NM i Sandnes i helga. Storebror Halfdan-Emil sette ny personleg rekord og hamna på sjetteplass på same distanse. Foto: Illustrasjon

Tok bronse i senior-NM

Bertine-Helene Færø imponerte.

Oppdatert 24.08.2010 kl 15:25

Bertine-Helene Færø slo til med eit kjempeløp på 3000 meter hinder under senior-NM i Sandnes i helga.

Med tida 11.19.75 sette den unge AKS 77-løparen ny personleg rekord på distansen, og innkasserte samstundes medalje i sitt aller første senior-NM.

Som Nh tidlegare har skrive var Bertine-Helene berre ei hårsbreidd frå å klara NM-kravet på 1500 meter, men litt for mykje motvind øydela i siste seriestemnet på Knarvik stadion før NM.

3000 meter hinder vart ho derimot kvalifisert for, og her gjekk det altså strålande.

Storebror Halfdan-Emil sprang også 3000 meter hinder under NM i Sandnes, og også han varta opp med eit svært solid løp.

Tida 9.37.45 held til ein sterk sjetteplass, og er også ny personleg rekord for AKS 77-løparen.

Også i diskosringen hadde AKS 77 med ein utøvar. Sandra Sudmann hadde ikkje heilt dagen, og med eit kast på 34.40 enda ho til slutt på ein 11. plass i senior-NM-debuten.

- Klubben er godt nøgd med innsatsen og er stolte over gode resultat, seier Marit Aase i AKS 77.

Sport

Herman og Kristian i hard duell

Open skøyteis på Fossemyra

Claus vann NM-publikummet

Elite-innløparar frå Lindås

Sunde til topps i Nyborgstemna miniatyr

Endeleg i gang

Sport

Herman og Kristian i hard duell

Open skøyteis på Fossemyra

Claus vann NM-publikummet

Elite-innløparar frå Lindås

Sunde til topps i Nyborgstemna miniatyr

Endeleg i gang

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Bildeseriar
Kontakt oss
Tipstelefon: 916 20 916
Telefon: 563 55 555
e-post: avisa@nordhordland.no
Avisa Nordhordland, Kvernhushaugane 29
4. etg. Promenaden, Knarvik Senter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale