Ny rekord for mila.
Den gamle deltakarrekorden i Knarvikmila er slått ned i støvlane. Dei ulike løpa har samla rundt 7240 deltakarar, tusen fleire enn i rekordåret 2007.
I strålande vér var 3400 store og små ute i løypene søndag, noko som også er ny rekord på sjølve mildagen. Dei fleste valde naturløypene - 2175 ialt. Totalt har årets Knarvikmil samla rundt 7240 deltakarar.
Samhald og samarbeid
-Aldeles strålande. Dette viser kva som er mogleg går saman for å få det til. Det er ein siger for samhalda og samarbeid, seier milgeneral Helge Brekke.
Han framhevar dei mange lag og organisasjonar som stiller opp og bidreg med flott innsats.
Ung bilvinnar
Den som kanskje smilte aller breiast under Knarvikmila søndag, var Tobias Stusdal frå Sæbø.
Tolvåringen vart nemleg den heldige vinnar av den flotte bilpremien.
Det har vorte unge bilvinnarar i Knarvikmila dei siste åra. Det slo ikkje feil denne gongen heller.
Knallopning
Årets Knarvikmila fekk ei knallopning med 2268 deltakarar i Ungdomsløpet torsdag.
Lørdag gjekk fleire hundre sprekingar frå Bryggen til Knarvik i nyskaparen Bergen Fjord Tour, ei glimrande natur- og kulturreise langs den ”trondhjemske postveg”.
I Knarvik samlast den unge garde til knøtte- og minimila, og her var nesten tusen i full fart i løypa. Seinare på ettermiddagen la over 226 milslukarar ut på sin halvmaraton.
Lange løp
Det var fin stigning i deltakartalet på 5 og 10 km frå i fjor, særleg er det ei markant større oppslutning på mila. Helge Brekke konstaterer at det er blitt litt større status å springa lange løp.
Milgeneralen forklarar også rekorddeltakinga med at mosjonstrenden er på stigande kurs, samtidig som det er større fokus på sunn kropp og helse.
- Vi har ikkje heilt klart å få full utteljing på halvmaraton enno, men eg trur det skal løsna også der, seier Brekke.
Dobbel-vinnar
Girma Assefa frå Etiopia var suveren på halvmaraton lørdag, og var også utilnærmeleg på 10 km søndag. Han vart klokka inn til 29.44. Vår eigen Jo Harald Færø sprang ei sterk mil, og kom inn til 3.plass på 34.21.
OL-deltakar Kirsten Melkevik var heilt suveren blant kvinnene på mila, og med 34.51 kom ho inn til totalt femte beste tid.
Anders Monsen og Hilde Aasheim, sistnnemnde frå Osterøy, var temmeleg klare vinnarar på 5 km.
Resultat Knarvikmila
10 km menn
1.Girma Assefa, Etiopia 29,44, 2. Tejre Charles Aggvin, Gular 31.21, 3.Jo Harald Færø 34.42, 4.Sven Nylund 34.45, 5.Torbjørn Thorsen Ludvigsen, Molde-Olymp 35.26
10 km kvinner:
1.Kirsten Melkevik 34.51, 2.Nancy Sommer 41.16, 3.Johanna Sjøgren, Gular 41.44, 4.Emma Sjøgren, Gular 42.06, 5.Marte Sønstevold 43.04
5 km menn
1.Anders Monsen 15.10, 2.Trond Arne Rugland Tfik 15.32, 3.Svein Roar Kvamme, AKS-77 15.32, 4.Tomas Windheim 15.46, 5.Andre Haugsbø, Gular 15.51
5 km kvinner
1.Hilde Aasheim, Osterøy IL 17.40, 2.Ingeborg Kristine Lind, Gular 18.02, 3.Pernille Thomassen 18.17, 4.Anita Stenevik 20.05, 5. Bente Rosvold Midtun, Osterøy IL 20.24
Nh kjem med fyldig reportasje på onsdag.
Sjekk våre tilbod og finn ut kva abonnement som passar for deg