Vegen til trygg plass er lang.
Vegen opp til sikker plass på tabellen synest umogeleg lang for NBK etter at laget tapte mot Sotra heime i Knarvik lørdag.
NBK starta heimekampen mot Sotra bra og tok etter berre tre minutt leiinga 1-0 ved Mohammad Kamara på eit gjennomløp.
Berre elleve minutt seinare utlikna Simen Birkelund for Sotra. Gjestane spelte seg meir å meir inn i kampen og forsvarte seg godt.
- Vi opnar kampen godt, men kva som skjer i 2. omgang veit eg ikkje, seier ein oppgitt NBK trenar, Bent Inge Sellevoll, etter kampen.
I det 40. minutt fekk NBK straffe som Marcus Stueland sette iskaldt i venstre hjørne. Dermed var raudtrøyene i føringa til pause.
Tung start
2. Omgang starta som verst for NBK. Sotra fekk i det 47 minutt eit frispark frå om lag 20 meter frå mål og Sotra sin frisparktakar, Christer Lund, banka ballen rett i nettmaskene bak NBK-keeper Espen Kjenes.
Sjølv om kampen til tider var jamn ville Sotra meir. Etter timen var spelt på Knarvik-graset skåra Sotra nok eit mål.
NBK gav ikkje opp og hadde nok av sjansar til og utlikna, men trass NBK-press resten av kampen var det Sotra som fekk utteljing.
Etter vel 75 minutt spel avgjorde Steffen Skålevik kampen for gjestane då han dundra ballen i mål og Sotra gjekk opp i 4-2.
Annullert mål
Sjølv om Sotra klarte å setja inn tre mål i andre omgang gav ikkje dei raudkledde opp. Mot slutten av kampen klarte laget å krangla ballen i mål.
Sjølv om NBK jubla blas domaren angrep på keeper, til stor frustrasjon på NBK-benken.
- Det var surt, men det er dommaren som dømmer, seier Sellevold etter kampen.
Dårlege forhold
I pausen opna alle sluser seg, og eit fryktelig regnvêr sette inn over Knarvik. Bana fekk merka skyllebøtta, som varte heile 2. omgang, godt.
Til tider såg kampen i Knarvik ut som eit stort gjørmebad.
- Vi kan ikkje skylda på forholda vi får i 2. omgang, men det øydelegg fotballkampen litt, meiner Sellevold, som synet det heile til tider såg ut som ein komedie.
Spelarane hadde til tider store problem med å holda seg på beina mot slutten av kampen.
Sjå vidare
- I dag gjer laget så godt som dei kan, sjølvsagt har forholda litt å sei men da er likt for begge laga , seier Sellevold.
NBK-trenaren vil no sjå vidare på sesongen og konsentrera seg om dei kommande kampane.
- No får vi sjå korleis det går. Vi hadde håpa på å vinna i dag, seier han.
Sellevold legg til at Sotra kjempa ekstra hardt i dag, for med siger over NBK gjekk dei opp på førsteplass på tabellen.