Austrheim/Lindås rauk 0-5.
Samarbeidslaget Austrheim/Lindås gjekk på sesongens tolvte tap då Voss sine nest best besøkte graset på Lindås lørdag.
Gjestane frå Voss har fått ein godkjent start på haustsesongen med to tap og to sigrar, begge dei to sistnemnde mot lokal motstand.
For eit par veker sidan vart Radøy/Manger slått 5-1 på Voss, og i helga var det altså Austrheim/Lindås som måtte plukka fem ballar ut av nettet.
Sigeren vart nok, sett med Austrheim/Lindås-auger, litt større enn den burde, men det var ikkje ufortent at det var gjestane som stakk av med alle poenga.
Austrheim/Lindås vert liggande heilt sist på tabellen med sine fem poeng etter 15 spelte kampar.