Radøy/Manger fekk det tøft.
Radøy/Manger har ikkje fått nokon optimal start på haustsesongen, og står med tre strake tap.
Det siste kom i helga borte mot topplaget Valestrand/Hjellvik. Heimelaget var best i ein dårleg første omgang, og leia fortent 2-0.
Etter kvilen vert det meldt om ein langt meir underhaldande kamp, der ostringane viste kvifor dei kjempar om opprykk.
Heimelaget skåra ytterlegare to gongar, mellom anna på ei perle av eit langskot, og med unntak av eit par sjansar hadde ikkje gjestane frå den grøne øya mykje å stilla opp med.
Kampen enda med 4-0 og heimesiger. Radøy/Manger ligg no på sjuandeplass med dårlegare målskilnad enn NHH på sjetteplass.
Sjuandeplass fører i år til nedrykk.