God opphenting av Hordabø.
Hordabø leverte ein heller slapp første omgang, og låg under 0-2 mot Djerv sine nest beste i onsdagens kamp på Bø.
Etter kvilen var det eit heilt anna lag som kom på bana. Aggressiviteten var på topp, og grøntrøyene kjempa seg inn i kampen igjen.
Rune Marøy reduserte til 1-2, før storskårar Per Kristian Villanger banka inn 2-2 og 3-2.
Djerv2 utlikna til 3-3 i kampens aller siste speleminutt, og dermed vart det berre eitt poeng på Hordabø, som likevel kan sjå seg fornøgd med ein fin snuoperasjon.
Hordabø vert liggande på tredjeplass på tabellen, med 18 poeng etter elleve spelte kampar.
Laget har i haust mista Ronny Thomassen og Alf Haugland til Radøy/Manger.
I tillegg er Jarle Sylta skadd, og ute for sesongen. Dei gode nyheitene er at Kenneth Johansen er med igjen.