Sky ikon
Nyhende | Sport | Bildeseriar
...

Livsviktig siger for Radøy/Manger

Mjøs matchvinnar mot NHH.

Oppdatert 02.09.2010 kl 10:32

Radøy/Manger er oppe på sikker plass igjen etter å ha slått tabellnaboane frå Noregs Handelshøgskole 1-0 på Sletta onsdag kveld.

Før kampen låg Radøy/Manger på den utsette 7. plassen som i år gir direkte nedrykk. Med midtvekas tre poeng er laget oppe på 5. plass.

Radøy/Manger var det klart førande laget i første omgang, men Tormod Mjøs var den einaste som klarte å finna vegen til nettmaskene etter rundt kvarteret.

Det burde vorte fleire skåringar før pause, men det ville seg ikkje for raudtrøyene framfor kassen.

Etter kvilen kom studentlaget frå Bergen meir med i kampen, men Radøy/Manger forsvarte seg svært godt.

Kampen ebba ut med 1-0, tre særs viktige poeng i ei tett og jamn avdeling i 4. divisjon.

Lokalfotball

Kvernbit på spelarjakt

Kunstgras i Gulen til våren?

Nok eit dårleg år for lokalfotballen

Sindre skaut dei raude opp

Katrine vil spela på høgt nivå

Radøy/Manger halvvegs til 3. divisjon

Lokalfotball

Kvernbit på spelarjakt

Kunstgras i Gulen til våren?

Nok eit dårleg år for lokalfotballen

Sindre skaut dei raude opp

Katrine vil spela på høgt nivå

Radøy/Manger halvvegs til 3. divisjon

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Bildeseriar
Kontakt oss
Tipstelefon: 916 20 916
Telefon: 563 55 555
e-post: avisa@nordhordland.no
Avisa Nordhordland, Kvernhushaugane 29
4. etg. Promenaden, Knarvik Senter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale