Sky ikon
Nyhende | Sport | Bildeseriar
...
TRENG LAGKAMERATAR:?Kvernbit-kaptein Jon Helge Eikeland i aksjon på Fossemyra. Kvittrøyene frå Meland er klar for ein ny sesong i 5. divisjon, og med nytt trenarteam på plass, er laget også på utkikk etter nye spelarar. Føler du kallet er det berre å møta opp. (Arkivfoto:?Arthur Kleiveland)

Kvernbit på spelarjakt

Kvernbit sitt a-lag har takka ja til ein ny sesong i 5. divisjon, til tross for at laget eigentleg rykka ned i 2011. Med nytt trenarteam på plass legg klubben opp til ei seriøs satsing.

Oppdatert 06.01.2012 kl 16:33

Framfor 2012-sesongen har Kvernbit sikra seg Bård Grønhaug som hovudtrenar. Onsdag kveld vart det også klart at tidlegare Nordre Holsnøy-trenar, Rune Ingebrigtsen, vert med i trenarteamet, som også tel juniortrenar Kenneth Vik.

- At vi no fekk med Rune også er vi veldig glade for. I?byrjinga er det han som kjem til å leia treningane, og då vert det eit langt meir seriøst opplegg enn det har vore tidlegare. Så mykje kan eg garantera, seier dagleg leiar i Kvernbit, Trond Egil Soltvdet.

Tre nedrykk frå 5. divisjon

Som Nh tidlegar har skrive hamna Kvernbit heilt sist i 5. divisjon menn, avdeling 1 i 2011-sesongen. Laget rykka dermed ned til 6. divisjon, men fekk like før jul tilbod om å halda fram i 5. divisjon, då fleire andre lag ikkje hadde nytta seg av sin rett til å spela 5. divisjonsfotball.

Også Austrheim og Eikanger rykka ned frå 5. divisjon denne sesongen. Begge laga fekk tilbod om å behalda plassen også i 2012, men ingen av klubbane var nemneverdig interessert i dette.

I?Kvernbit er altså tankegangen litt annleis. No ønskjer klubben å bygga opp eit slagkraftig lag igjen, og invitasjonen om å hiva seg med kvittrøyene er open.

- Seriøst

- Per dags dato er vi 12-13 spelarar som har sagt at dei ønskjer å vera med for fullt. Dette er stort sett ungdommar. Eit ord som har gått igjen i samtalar med spelarane er seriøsitet, så i år er det dette vi skal levera, seier Soltvedt, som ønskjer både unge og meir rutinerte spelarar frå heile distriktet velkommen på trening.

- Det er trening på Fossemyra kvar mandag, onsdag og torsdag, samt innetrening i Meland Aktiv om fredagane. Kvernbit spelar futsal parallelt med fotballen, så her er det også mogelegheiter for å spela turneringshelger no i vinter, seier Soltvedt til Nh.

- Sosialt også

Den tidlegare England-proffen understrekar at det er forskjell på seriøsitet og jarnhand.

- Vi kjem til å legga oss på ei seriøs og sosial linje. vi skal sjølvsagt ha det kjekt med fotballen, men vi må også vita kva vi har å forholda oss til. Nytt lag kvar veke, og sju-åtte mann på trening går ikkje, seier han.

Kvernbit legg i første omgang opp til at a-laget og juniorane trenar saman, då mange juniorar truleg kjem til å spela a-lagsfotball til våren.

Lokalfotball

Sognefest leiar an i gullstøveljakta

Nh-tippinga, runde 5:

Sjansefattig, men dramatisk

Radøy/Manger vidare i cupen

Målmaskina returnerer til moderklubben

Kvernbit på spelarjakt

Lokalfotball

Sognefest leiar an i gullstøveljakta

Nh-tippinga, runde 5:

Sjansefattig, men dramatisk

Radøy/Manger vidare i cupen

Målmaskina returnerer til moderklubben

Kvernbit på spelarjakt

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Bildeseriar
Kontakt oss
Tipstelefon: 916 20 916
Telefon: 56 35 55 55
e-post: avisa@nordhordland.no
Avisa Nordhordland, Kvernhushaugane 29
4. etg. Promenaden, Knarvik Senter

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale